Sjølv om Internett har gjort det mogleg dele dei digitale ferieminna med familie, vener, kollegaer og naboar ved hjelp av eit lite tastetrykk, er det viktig å hugse på at det ikkje er lov å legge ut alt.
Her er reglane du bør følgje:
-
Ikkje legg ut bilete på nett utan samtykke frå personen/-ane som er fotografert.
-
Det er han/ho som har publisert bileta på nett som eventuelt må vise til at eit friviljug og informert samtykke ligg føre.
-
Respekter dei som ikkje vil bli eksponert på Internett.
-
Barn har like mykje rett på personvern som vaksne!
Vil du vite meir om publisering av bilete på nett? Då kan du kå inn på denne sida.
God påske!