Klarer du ikkje logge deg på profilen/kontoen?

Del på facebook
Del på Facebook
Del artikkelen på twitter
Følg oss på Twitter
Tips en venn
17. mars 2010
Pirat.jpg
Er du ein av dei som har opplevd å miste tilgang til eigen facebook-profil eller Windows Live-konto (MSN eller Hotmail)? Nedanfor har vi ramsa opp ulike framgangsmåtar som du kan forsøke for å få tilbake kontrollen.

Mista tilgang til Facebook-profil?

Dersom det er Facebook-profilen kan du klikke på det som passar for deg:

  1. Facebook-konto har blitt hacka
  2. Facebook-konto har blitt hacka, og eg klarar ikkje å identifisere kontoen min

Dersom ingen av desse skjemaa er relevante for deg kan du forsøke å sende ein e-post til login@facebook.com. Forklar problemet og gje nok informasjon om kontoen til at Facebook finn det sannsynleg at du er han/ho du seier du er. Hugs å skrive på engelsk!

Windows Live logo

Mista tilgang til MSN- eller Hotmail-konto?

Det finst og ein spesiell prosedyre for deg som har mista tilgang til MSN- eller Hotmail-kontoen din. Før du tek til på denne prosedyren bør du finne fram til følgjande informasjon:

  • Kva passord brukte du på e-postkontoen før han blei hacka?
  • Kva er emna til nokon av e-postmeldingane som nyleg har blitt sendt? (helst fire stykk)
  • Kva er namna på nokon av mappene som du har oppretta (dersom du har oppretta eigne mappar)?
  • Kva er e-postadressa til nokon av kontaktane som du nyleg har sendt e-post til?

Dernest kan du følgjen denne framgangsmåten:

  1. Gå til https://account.live.com/resetpassword.aspx
  2. Vel ”Jeg tror noen andre bruker min Windows Live ID”
  3. Klikk ”Tilbakestill passordet”
  4. Skriv inn adressa til den hacka e-postkontoen
  5. Vel ”Kundestøtte”
  6. Skriv inn ei privat e-postadresse som Windows Live kan kontakte deg på. Det er viktig at denne adressa ikkje tilhøyrer andre personar, og at ho ikkje er kopla opp mot andre Windows Live-produkt.
  7. Fyll ut skjemaet så presist som du kan

Om du får tilbake tilgangen kjem heilt an på om du er i stand til å gje tilstrekkeleg med opplysningar om kontoen, slik at Windows Live er sikker på at du er den du gjer deg ut for å vere.

Lurer du på noe?

ring 08247 eller skriv til hjelp@slettmeg.no
Design Webscape - CMS Webnodes