Slik får du kontroll over Linkedin-profilen din

Del på facebook
Del på Facebook
Del artikkelen på twitter
Følg oss på Twitter
Tips en venn
20. september 2011
linkedin friendfinder skjermbilde.jpg
Slik kan du sikre unaudsam sprieing av personopplysningar i LinkedIn.

Slettmeg.no sin gjennomgang av LinkedIns standardinnstillingar viser at brukaranes personvern er dårlegare enn det behøver å vere. Dersom ein sjølv ikkje gjer endringar vil mellom anna desse innstillingane vere gjeldande:

  • Profilen er offentleg tilgjengelig for alle (inkludert synleg i søkemotorane)
  • Personlege data vert delt med tredjepartar.
  • LinkedIn kan bruke namn og bilete i sosial marknadsføring.
  • Ein applikasjon frå Amazon er førehandsaktivert i alle profilar

I tillegg er standardinnstillingane satt slik at ein i utgangspunktet aksepterer at LinkedIn sine mange partnarar kan sende deg invitasjonar og marknadsføringsinformasjon (for mange spam) til din private e-postadresse.

Dette kan du gjere
Personvernoppsettet til LinkedIn er svært rotete, og det er ikkje like lett å finne ut kvar ein skal gå for å endre innstillingane. For å hjelpe deg eit stykke på veg har slettmeg.no funne fram nokre av dei viktigaste lenkene du treng for å avgrense spreiinga av dine opplysningar:

Slette profilen?
Dersom du vil slette LinkedIn-profilen din kan du gå til vår sletteguide
.

Lurer du på noe?

ring 08247 eller skriv til hjelp@slettmeg.no
Design Webscape - CMS Webnodes