Her finn du oppskrifta for korleis du kan slette deg frå Myspace.
Slik går du fram:
- Gå til Myspace og logg deg inn med e-postadresse og passord.
- Klikk på Mine ting (i det øvre navigeringsfeltet) og vel Rediger profil (til venstre).
- Klikk Avslutt konto (til venstre under "Kontoinnstillinger og personvern").
- Stadfest at du vil avslutte kontoen.
- Vel ein grunn for kvifor du vil avslutte kontoen og trykk Avslutt konto.
- Skriv "Avslutt konto" i skrivefeltet og trykk Avslutt konto ein gong til.
- Du er enno ikkje ferdig! For å fullføre prosessen med å avslutte Myspace-kontoen må du opne e-postkontoen din og lese denne e-posten. Trykk på lenka som tek deg vidare til siste trinn i avslutningsprosessen. Du vil då få opp dette vindauge:

- Fyll inn e-postadressa di og trykk Avslutt konto.
Når ein avsluttar kontoen vil profilinformasjonen (i følgje Myspace) bli permanent fjerna. Dette gjeld bilete, kommentarar, blogginnlegg, videoar m.m. Denne informasjonen kan ikkje gjenopprettast.
Gløymd passord?
Dersom du har passordproblem kan du forsøke dette (for å bestille nytt passord):
- Gå til http://www.myspace.com/auth/resetpassword.
- Skriv inn e-postadressa di (den du brukte for å registrere deg på Myspace) og klikk Send.
- Du vil motta ein e-post med ein koplingg til ei sikker side der du kan endre passordet.
Dersom du ikkje mottek e-post kan du sjekke om han ligg i spamfilteret/søppelksasa til e-postkontoen.
Andre problem?
Dersom det er andre problem som er skuld i at du ikkje kjem inn på Myspace-kontoen din, kan du gå til dette skjemaet og rapportere kontoen din til Myspace. Du må sjølv velje den rapporteringsårsaka som passar best for di sak.